Hei alle vennene mine på Kalven!
Eg savner dåke, men har det veldig kjekt her i Spania. Eg seier ”Ola” til alle eg møter og alle seier ”Ola” til meg tilbake. Det betyr Hei på spansk. Det er kjempe gøy!
Eg er veldig glad for arket med alle bildene av dåke, det henger på kjøleskapet og eg ser på det kvar dag. Mamma hadde kjøpt klistermerker med hester, hunder og katter til meg, dei har eg limt bakpå arket, det blei veldig fint.
På bilde under sitter eg på kjøkkenet å maler, er blitt veldig flink å teikne men det er litt vanskelig å få til å male skikkelig fint synes eg.
I Albir har dei mange rare tre som vi ikkje har heime, dette er ei palme og det orange er dadler, slike som kan etast seier pappa. Eg trur ikkje eg likar dei…
Her er eg på Stranda, det er litt kaldt i sjøen enda til å bade men det er deilig å leike i sanden.
Eg har fått meg ny dukkevogn. Det er veldig kjekt å gå på tur med ho. Ho heiter Pernille.
Her er eg på tur med bassenget der vi bur. Det er eit stort basseng og eit lite som eg skal bade i når det blir varmare.
Håper alt er bra med dåke, vi snakkes snart.
Mamma og Pappa helser til alle.
Klem frå Emily
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar